
Dødskræsj i Vang i natt
To lokale ungdomar omkom i bilulykke
NILS ROGN
(Publisert:20.01.2007)
Kraftig samanstøyt: Volvoen og traileren vart ståande langt utanfor vegbanen etter samstøyten, medan hengaren sperra vegbanen.
Like over midnatt natt til laurdag frontkolliderte ein Volvo personbil med ein semitrailer på E16 sør for Tveitabru Sag i Vang, fire mil frå Fagernes. I Volvoen var fem lokale ungdomar som kom frå arrangementet Jotnerock i Vang. Bilen deira må ha kome over i feil kjørebane og treft traileren frå Linjegods i fronten. I den kraftige samanstøyten vart bilen kasta ut av vegen. Ein gut frå Vang og ei jente frå Nord-Aurdal omkom, dei tre andre vart hardt skadde. Sjåføren av traileren vart ikkje fysisk skada i ulykka.
Hjelpemannskap kom raskt på staden og fleire ambulansar og fire helikopter vart tilkalla. To av dei skadde ungdomane vart sende til Ullevål universitetssykehus med ambulansehelikopter, den tredje vart sendt til sjukehuset på Gjøvik.
Førebels er ikkje identiteten kjent på nokon av dei involverte. Det var nokså glatt på ulykkesstaden og det har vore fleire avkjøringar i området dei siste par dagane.Kriseteamet i Vang vart straks kalla saman og det vart opna for at dei som ville kunne koma til samtale på helsestasjonen i Vang. Prest, lensmann og kommunelege er sentrale i oppfølgingsarbeidet etter den tragiske ulykka, som har gjort stort inntrykk i lokalsamfunnet.
Fra -
http://www.avisa-valdres.no/vis_sak.asp?refnum=10938Om denne saken kan du også lese om på VG, Dagbladet og Nettavisen.
Se også: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/hedmark_og_oppland/gjovik_toten_og_land/1.1689640